Om Oldemors Brudekiste


Oldemors Brudekiste starta opp som ein vintage brudesalong på nett i 2010, og har sidan då spesialisert seg på vintage brudekjolar. 

Det er mange faktorar som skal stemma på ein gong når ein skal kjøpa ein vintage brudekjole som det som regel berre finst eitt eksemplar av.

Difor utvida me i 2018 med visningsrom sentralt i Oslo, der ein kan komma å sjå og prøva kjolane som både ligg her på nettsida, og dei som ikkje har rukke heile vegen frå lageret til nett.

Visjonen til Oldemors Brudekiste er at alle som er ute etter ein vintage brudekjole til den store dagen, skal finna kjolen med stor K hjå oss. Sidan oppstarten i 2010 har eit titals bruder funne kjolen med stor K hjå Oldemors.

Målet er til ei kvar tid at kundane er nøgde, både med utvalet, handleopplevinga og, sjølvsagt;

K j o l e n !